Ål og Hol kommunar utgjer Øvre Hallingdal vaktområde, og har etter dyrehelsepersonellova § 3 a plikt til å sikre tilfredsstillande tilgang til tenester frå dyrehelsepersonell, medrekna organisering av klinisk veterinærvakt utanom vanleg arbeidstid. Veterinærvakta er ein kritisk beredskapsfunksjon som skal sikre naudsynt veterinærfagleg hjelp ved akutte hendingar, og bidra til forsvarleg dyrevelferd og beredskap mot alvorlege dyresjukdomar. Kommunane har vurdert marknaden og lagt til grunn at det ligg føre avgrensa tilgang på veterinærfaglege ressursar i vaktdistriktet. Det er identifisert berre éin leverandør som har naudsynt kapasitet, kompetanse og organisering til å halde oppe ei forsvarleg veterinærvaktordning i samsvar med krava i dyrehelsepersonellova, arbeidsmiljøregelverket og kommunane sine behov. Leverandøren disponerer tilstrekkelege veterinærressursar med kompetanse innan både produksjonsdyr og smådyr, og kan halde oppe ein vaktturnus som sikrar kontinuerleg veterinærdekning for vaktdistriktet. På denne bakgrunn vurderer kommunane at det ligg føre særlege marknadsmessige tilhøve som inneber at konkurranse ikkje vil gje reelle alternative tilbod, og at kommunane difor inngår kontrakt direkte med den aktuelle leverandøren.