Føremålet med anskaffinga er innkjøp av lærebøker og andre læremiddel. Kommunane Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Tysnes, og Etne – i dette dokumentet kalla oppdragsgjevar – har som mål å inngå rammeavtale om levering av lærebøker, læremidlar, skjønnlitteratur og fagbøker til skular og eventuelt andre einingar i kommunane – som mellom anna skule- og folkebibliotek. Avtala skal også omfatte konkretiseringsmateriell og digitale verktøy/ program knytt til opplæring.