Offentlige anbud
Offentlige anbud
← Tilbake til søk

P - 1120 Hatlestrand skule - Ventilasjonsanlegg fløy A og B

Publiseringstype: Kunngjøring av konkurranse
Status: Utgått
Publisert: 24.4.2026
Søknadsfrist: 26.5.2026
Arbeidsområde: Bygge- og anleggsarbeid
Lokasjon: Vestland
Estimert verdi: 10.000.000 NOK
Cpv kode: 45331200
Beskrivelse:

Dette arbeidet gjeld utbetring og oppgradering av ventilasjonsanlegg og tilhøyrande tekniske installasjonar i fløy A og B ved Hatlestrand skule. Heile prosjektet skal gjennomførast i tråd med gjeldande krav frå Arbeidstilsynet og relevante tekniske forskrifter. Arbeidet omfattar ombygging av fleire rom til nye tekniske areal, inkludert samanslåing av reinhaldsrom og teknisk rom i fløy A, etablering av ny vaskesentral i fløy B og nytt ventilasjonsrom i grupperom B102. Eksisterande elektrotavler i begge fløyar har overskride teknisk levetid og skal difor demonterast og erstattast med nye tavler. I fleire rom i fløy A skal himling rivast for framføring av nye ventilasjonskanalar, og all elektroinstallasjon over himling skal fornyast. I fløy B skal det etablerast ny systemhimling i klasserom og grupperom, med utskifting av belysning, nødlys og branndetektorar etter gjeldande regelverk. Det skal òg installerast nye kurser for framtidig utvendig solskjerming. Ventilasjonsanlegga skal oppgraderast til behovsstyrte løysingar med DCV/VAV-spjeld i begge fløyar. Det krevst nye stigekablar, nye effektbrytarar for kompaktaggregat og kabling for 24V og Modbus for integrasjon mot eksisterande SD-anlegg levert av EM-systemer. I tillegg skal brannskilje i bygget utbetrast der det blir avdekt utettheter, særleg i overgang mellom vegg og q-dekke, jf. brannskisse.

Kilde: Åpne kilde
Dokumenter: Åpne dokument