Offentlige anbud
Offentlige anbud
← Tilbake til søk

Brukarstyrt Personeleg Assistanse (BPA) tenestekonsesjon

Publiseringstype: Kunngjøring av konkurranse
Status: Utgått
Publisert: 10.4.2026
Søknadsfrist: 8.5.2026
Arbeidsområde: Tjenester
Lokasjon: Vestland
Estimert verdi: 52.000.000 NOK
Cpv kode: 85000000
Beskrivelse:

Gloppen kommune ønskjer å inngå tenestekontraktar for BPA med fritt brukarval. Det vert difor invitert til å søkje om konsesjon for levering av BPA-tenester i kommunen. Kommunen vil inngå kontrakt med inntil 4 leverandørar som oppfyller kvalifikasjonskrava og som etter ei samla vurdering er best eigna til oppdraget. Kommunen fattar einskildvedtak om tildeling av tenester, og har ansvar for at brukarane får oppfylt sitt behov i tråd med gjeldande lovverk, samt finansiering av tenestane. Det er per i dag 6 einskilde brukarar som Gloppen kommune har fatta vedtak om tildeling av BPA-tenester for. Omfanget per april 2026 er 380 timar per veke/19 760 per år. Det vert presisert at kommunen ikkje forpliktar seg til eit bestemt timevolum, då dette vil variere etter behov i kommunen. Varigheit på kontrakta er fire år, med oppdragsgjevar sin einsidige rett til forlenging eit år, dvs totalt inkludert opsjonsår 01.06.2026 – 31.05.2031. Kontrakta vert automatisk forlenga om den ikkje vert sagt opp av oppdragsgjevar innan tre månadar før opsjonsår starter.

Kilde: Åpne kilde
Dokumenter: Åpne dokument