Offentlige anbud
Offentlige anbud
← Tilbake til søk

Eigedomsskatt Høyanger kommune- Ny allmenn taksering

Publiseringstype: Kunngjøring av konkurranse
Status: Utgått
Publisert: 26.3.2026
Søknadsfrist: 23.4.2026
Arbeidsområde: Tjenester
Lokasjon: Vestland
Estimert verdi: 2.000.000 NOK
Cpv kode: 70000000
Beskrivelse:

Høyanger kommune vil med denne anskaffinga inngå avtale med ein (1) leverandør. Kommunestyret i Høyanger vedtok i sak KS 012/26 å gjennomføre ny alminneleg taksering av alle eigedomar i kommunen i 2026, nye takstar skal ha verknad frå skatteåret 2027. Det vart også vedteke at skatteetaten sitt formuesgrunnlag skal nyttast for utskriving av skatt på bustadeigedomar, jf. eigedomskattelova § 8 C-1. Takseringa skal skje i medhald til eigedomsskattelova § 8 A-3, 4.ledd. I samarbeid med sakkyndig nemnd for eigedomsskatt skal det utarbeidast nye rammer og retningsliner for taksering av eigedomar i Høyanger kommune. I tillegg skal ein lage nye sonekart. Sakkyndig nemnd skal fastsetje takstar etter framlegg frå takstmenn. Tilbydar pliktar å overhalde reglane i eigedomsskattelova og ta omsyn til relevante rettsavgjerdsle i sitt arbeid for Høyanger kommune. Opsjon – Matrikkelføring Dersom det gjennom prosjektet viser seg at Høyanger kommune ikkje har tilstrekkeleg kapasitet til å gjennomføre matrikkelføring sjølv ynskjer vi opsjon på dette arbeidet. Fullstendig beskrivelse av leveransen følger av vedlegg 1 – Beskriving av oppdraget.

Kilde: Åpne kilde
Dokumenter: Åpne dokument