Offentlige anbud
Offentlige anbud
← Tilbake til søk

E16 Lærdalstunnelen – tunneloppgradering - persontransport

Publiseringstype: Dynamisk innkjøpsordning
Status: Utgått
Publisert: 23.3.2026
Søknadsfrist: 6.5.2026
Arbeidsområde: Tjenester
Lokasjon: Vestland
Estimert verdi: -
Cpv kode: 60100000
Beskrivelse:

Den 24,5 km lange Lærdalstunnelen på E16 mellom Aurland og Lærdal i Vestland fylke skal oppgraderast. Tunnelen oppfyller ikkje alle krav i Tunnelsikkerhetsforskriften, og krava til elsikkerheit har endra seg sidan tunnelen vart opna i år 2000. Det er omfattande tiltak som må gjennomførast for at tunnelen skal oppfylle dagens standardkrav. Sprengingsarbeida i hovudløpet skal utførast som nattarbeid, og i denne perioden vil tunnelen vere stengt frå kl. 18.00 til 06.00. Dette er eit svært inngripande tiltak, spesielt med tanke på lokaltrafikken, som i realiteten ikkje har noko omkøyringsalternativ. Som avbøtande tiltak skal det derfor settast opp eit kollektivtilbod mellom Aurland og Lærdal, på ettermiddags/kveldstid. Persontransporten skal gå gjennom stengt tunnel med pågåande anleggsarbeid. Transporten skal gå etter ei fastlagd rute, og passasjerane må bestille plass på førehand. Før kvar tur må anleggsleiinga kontaktast for å klarere at det er farbart gjennom tunnelen. Sjåførane må gjennomgå spesialopplæring med HMS-gjennomgang før arbeida startar opp.

Kilde: Åpne kilde
Dokumenter: Åpne dokument