Offentlige anbud
Offentlige anbud
← Tilbake til søk

Totalentreprise - Ombygging av Terna omsorgsbustader

Publiseringstype: Dynamisk innkjøpsordning
Status: Utgått
Publisert: 4.3.2026
Søknadsfrist: 7.4.2026
Arbeidsområde: Bygge- og anleggsarbeid
Lokasjon: Vestland
Estimert verdi: -
Cpv kode: 45215210
Beskrivelse:

Det er mangel på omsorgsbustader for unge vaksne i Øygarden kommune. Dette er ein brukargruppe beståande av ungdom og unge vaksne som treng hjelp og støtte til å etablere seg i eigen bustad. Brukargruppa har ofte samansette utfordringar og treng tilpassa heildøgns helse- og velferdstilbod. Bustadkomplekset skal byggast med personalbustad for heildøgn omsorg.  Føremålet med anskaffinga er å inngå kontrakt for ombygging av Terna barnehage til omsorgsbustad for unge vaksne. Ombygginga skal gjennomførast som ein totalentreprise etter NS 8407. Det vil bli halde tilbodssynfaring/tilbodskonferanse fredag 20.02.2026 kl. 10:00. Adresse: Ternholmvegen 59, 5337 Rong. Dei som ynskjer å delta kan melde seg på skriftleg gjennom kommunikasjonsmodulen i Mercell.

Kilde: Åpne kilde
Dokumenter: Åpne dokument