Kviteseid kommune skal bygge 12 nye omsorgsbustadar samt dagsentertilbod ved Kviteseid omsorgssenter (KOS). På KOS er det sjukeheim for pleietrengande pasientar, kontor for heimetenesta, produksjonskjøkken og fysioterapitenester. Det er viktig at det blir tatt omsyn til besøkande, pasientar og tilsette i byggeperioden.