Prosjektet sine to hovudmål er å avgrense utbygging av urørt areal og restaurere forringa areal for å redusere klimagassutslepp knytt til arealbruksendringar og auke naturleg opptak av klimagassar i naturen. Vi skal anskaffe eit verktøy for arealplanlegging, som gjer moglegheit til å vurdere om utbygging i allereie utbygde areal og forringa natur er mogeleg og forsvarleg.