Offentlige anbud
Offentlige anbud
← Tilbake til søk

Marknadsdialog omsorgsbustadar

Publiseringstype: Veiledende kunngjøring
Status: Ikke angitt
Publisert: 31.10.2025
Søknadsfrist: -
Arbeidsområde: Bygge- og anleggsarbeid
Lokasjon: Vestland
Estimert verdi: -
Cpv kode: 45215210
Beskrivelse:

Bjørnafjorden kommune får fleire eldre og andre brukargrupper med behov for omsorgstenester. Målet er i fyrste omgang å etablera ca. 50-70 omsorgsbustader i Osøyro og ca. 10-20 i Eikelandsosen fram mot ca. 2030, med dag- og aktivitetssenter og personalbase, jf. retningslinene i Husbanken og Skatteetaten. Bustadene må oppfylle vilkåra frå Husbanken og Skatteetaten for denne typen bustader, og tilfredsstille kriteria for investeringstilskot og meirverdiavgiftskompensasjon. Fram mot 2040 er det planlagt ytterlegare utbygging av omsorgsbustader i senterområda. Kommunen ønskjer difor også dialog med andre interessentar som har planar for utbygging på noko lengre sikt. Omsorgsbustader kan og inngå som ein del av større bustadprosjekt. Det er aktuelt at kommunen vil selje tomter i områdane som kan nyttast til omsorgsbustader. Kommunen skal ikkje byggje, eige eller drifte omsorgsbustadene, men inngå avtale med aktørar som står for dette der kommunen er forplikta til å leige dei i minst 30 år for framleige til brukarar. Kommunen vil stå for helse- og omsorgstenestene i bustadene. Føremålet med marknadsdialogen er å komma i kontakt med aktørar som er interessert i å gjennomføre prosjektet i Osøyro og/eller Eikelandsosen, og sikra gode og langsiktige løysingar for framtidige bebuarar. Kommunen ønsker å komma raskt i gong med arbeidet, og ber difor interesserte aktørar om å ta kontakt, helst innan 30.11.2025 for å sikra nødvendig framdrift i prosessen. Kommunen vil fortløpande gå i dialog med aktørar som melder si interesse. Interesserte aktørar kan melde si interesse til kommunen sin kontaktperson for prosjektet: Torgeir Sæter E-post: torsat@bjornafjorden.kommune.no Administrasjonen ser for seg å presentere saka for kommunestyre i mars 2026.

Kilde: Åpne kilde
Dokumenter: -