Denne anskaffinga skal dekkje oppdragsgjevar sitt behov for skyss av skuleungar frå Sæbø skule som skal ha symjeundervisning på Bjørke. Anskaffinga gjeld difor skyss til og frå symjeopplæring på Bjørke for elevar og lærarar ved Sæbø skule. Det er behov for skyss til symjing ein gong per veke i 32 veker gjennom skuleåret. Startdato for avtalen er 01.01.2026.