Offentlige anbud
Offentlige anbud
← Tilbake til søk

Forstudie av moglegheitene for utvikling av interkommunale tenestesamarbeid i Vest-Telemark

Publiseringstype: Kunngjøring av konkurranse
Status: Utgått
Publisert: 9.9.2025
Søknadsfrist: 1.10.2025
Arbeidsområde: Tjenester
Lokasjon: Telemark
Estimert verdi: 280.000 NOK
Cpv kode: 73220000
Beskrivelse:

Vest-Telemarkregionen har allereie etablert eit solid fundament for interkommunalt samarbeid gjennom m.a. barnevern, NAV, renovasjon, brannvern og IKT. Samarbeidet har bidratt til å bygge sterke fagmiljø i små kommunar, som har vist seg å være effektive når det gjeld å utvikle tenester til kommunane sine innbyggarar. Utfordringsbiletet særleg knytt til kommuneøkonomi, rekruttering og demografi som kommunane i regionen står overfor i åra som kjem, gjer til at Vest-Telemarkrådet har ser at tida er inne for å sjå på kva nye tenesteområde og støttefunksjonar som kan vere laglege å samarbeide om.  Ein ønskjer ein rapport/forstudie som foreslår kva kommunane kan samarbeide om, og korleis samhandlinga kan utviklast med sikte på at utfordringane blir overkommelege og omstillinga ikkje smertar meir enn naudsynt.  Rapporten kan ta føre seg tenesteutviklingssamarbeid mellom to til seks kommunar, men ikkje kommunesamanslåing.

Kilde: Åpne kilde
Dokumenter: Åpne dokument