Kvinnherad kommune skal anskaffe ei løysing for innfordring av kommunale krav, då det er vedteke at kommunen sjølv skal utføre eigeninkasso. Ei gjennomført marknadsundersøking har avdekt at det berre er éin leverandør som kan dekka kommunen sitt behov. Kvinnherad kommune har difor intensjon om å inngå avtale med KapitalKontroll AS om levering av innfordringssystemet KK2. Kvinnherad kommune har behov for ei skyløysing med integrasjon mot Skatteetaten sin Særnamsmann, samt eigne ERP-løysingar, med moglegheit for skyldnarar til å følgja sine eigne saker. Vidare er det avgjerande at leverandøren kan tilby fagleg kompetanse, saksbehandlingsstøtte og utføra saksbehandling ved behov.