Høyanger kommune vil med denne anskaffinga inngå avtale med ein leverandør av leiaropplæring- og leiarviklingsprogram. Høyanger kommune har laga ein organisasjonsplan som skildrar korleis vi skal drifte kommunen. Organisasjonsplanen har som formål å skildre faktorar som skal bidra til at organisasjonen blir ein meir lærande organisasjon som er fleksibel og har fokus på utvikling og forbetring. Det er naudsynt med leiaropplæring for å få sikre og trygge leiarar på å gjennomføre systematik-ken og strukturen som organisasjonsplanen skildrar. Leiarrolla er heilt sentral for at vi skal lukkast med innføring/implementering av vår organisasjonsplan. Leiarane må få opplæring slik at vi klarar å oppfylle og etterleve innhaldet i organisasjonsplanen. Programmet må og ha fokus på faktorar som sikrar at leiarane sjølv utviklar seg i rolla si. Inngåing av avtale etter denne anskaffinga skjer under føresetnad av at Høyanger kommune får innvilga OU-midlar frå KS til dette prosjektet.