Austevoll kommune skal gjennomføre trafikksikringstiltak langs del av kommunale vegar Gullsmedvegen og Horgestykket i Austevoll kommune. Trafikksikringstiltaket inneber etablering av fortau og utbetring av eksisterande veg, overvassanlegg og etablering av veglys m.m. Vegstrekninga der det er planlagt vegutbetring ligg tett på skuleplassen til Selbjørn skule i Bekkjarvik. Arealet knytt til Gullsmedvegen og Horgestykket er beståande av eksisterande veg og siderareal. Tilgrensande arealbruk er skule, bustader, park, parkering m.m. Anleggsarbeidet vil måtte påreknast å gjennomførast når Selbjørn skule er i normal drift. Det vil også vere gjennomgangstrafikk i anleggsområdet. Dette inkluderar trafikk til bustader, kommunal institusjon, park og Beckerwyc House. Entreprisen vil bli gjennomført som ein totalentreprise basert på NS8407- «Alminnelige kontraktsbestemmelser for totalentrepriser».