IKT Nordfjord vil med denne anskaffinga inngå rammeavtale med ein leverandør for kjøp og leige av Multifunksjonsprintarar til kommunene i IKT Nordfjord sitt virkeområde. Her i også service, vedlikehold og tonerskifte mv. Med multifunksjonsmaskiner meinast her maskiner med funksjonalitet for print, kopi, skanning, og e-post, i kategorier som framkjem i kravspesifikasjon vedlegg 1. Deltakande kommunar i denne anskaffinga er: Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn kommunar. Omfanget av avtalen er uklart, og det påligg ikkje IKT Nordfjord eller kommunane som deltek nokon kjøpeplikt i volum etter denne anskaffinga. Øvre ramme for anskaffinga er inntil kr. 40.000.000,- Varigheit på avtalen er 3 år med mogeleg lenging i ytterlegare 1+1+1+1+1 år, i alt inntil 8 år.