Prosjektet omfatter etablering av ny kai med tilhøyrande tilkomstveg, på austre del av Fosnavåg Næringspark på Mjølstadneset i Herøy kommune. På delar av den austre delen av kaia skal det oppførast eit bygg for firmaet Fosnot notbøteri. Oppføringa av bygget er ei eiga entreprise, men det må påreknast samhandling med denne entreprisa. Tiltaket er ein totalentreprise der alle arbeid frem til funksjonsdyktig kai skal være inkludert i tilbodet. Tilbodet skal være komplett og skal inkludere nødvendig søknadsarbeid, prosjektering, utføring, ferdigstilling og overlevering.