Føremålet med anskaffinga er å få på plass operatør for drift av ferjesambanda Måløy-Husevågøy-Oldeide, Isane-Stårheim, Askvoll-Fure-Værlandet, Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella-Losna, Hisarøy- Mjånes og Breistein-Valestrand. For meir informasjon om krav til gjennomføring av kontrakten, sjå Kontraktsdokumentet for krav til leveransen i kap. 2, krav til fartøya i kap. 3, krav til ruteproduksjonen i kap. 4 og klimakrav i kap. 5. Anskaffinga er delt opp i tre delkontrakter: - Delkontrakt 1: drift av sambanda Måløy-Husevågøy-Oldeide, Isane-Stårheim, Askvoll-Fure-Værlandet, Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella-Losna. Kontrakten inneheld opsjon om drift av sambandet Askvoll-Gjervik. - Delkontrakt 2: drift av sambandet Hisarøy-Mjånes - Delkontrakt 3: drift av sambandet Breistein-Valestrand Oppdragsgjevar vil altså inngå tre kontrakter. Tilbydar kan levere inn tilbod på ein eller fleire av kontraktane. Det vil ikkje vere mogeleg å levere inn eit felles tilbod for dei tre kontraktane. Delkontrakt 1 og 3 vil gjelde frå tidspunkt for signering til og med 30.11.2042, medan delkontrakt 2 vil gjelde frå tidspunkt for signering til og med 29.11.2037, jf Kontraktens punkt 1.1.5. Driftsoppstart skal vere 29.11.2027. Sjå Kontrakten punkt 1.1.5. Kontraktane vil vere bruttokontrakter, der oppdragsgjevar har marknadsførings- og inntektsansvaret, medan operatør gjennomfører ruteproduksjonen mot avtalt betaling frå oppdragsgjevar.