Offentlige anbud
Offentlige anbud
← Tilbake til søk

Nye Vigra Skule, totalentreprise.

Publiseringstype: Dynamisk innkjøpsordning
Status: Utgått
Publisert: 30.10.2024
Søknadsfrist: 20.12.2024
Arbeidsområde: Bygge- og anleggsarbeid
Lokasjon: Møre og Romsdal
Estimert verdi: 250.000.000 NOK
Cpv kode: 45214210
Beskrivelse:

Giske kommune innbyr til open tilbodskonkurranse for bygging av ny Vigra Skule som skal erstatte dagens skule. Eksisterande skule skal rivast og erstattast av eit nytt skulebygg på same tomt. Skulen er opprinneleg frå 1957, men vart utvida i 1964, i 1967 og i 1991. Prosjektet omfattar: Sanering av eksisterande skulebygningar (del 1 og 2). Del 1. Sanering av alle bygningane utanom 1957 bygget. Del 2. Sanering av 1957 bygget. 1957 bygget skal nyttast til administrasjon og klasserom heilt fram til elevar og tilsette er flytta over i nytt skulebygg . Oppføring av nytt skulebygg, ca. 3270 m2 BTA nybygg. Opparbeiding av uteområde med p-plassar og tilkomstvegar (del 1 og 2). Før totalentreprenøren kan starte på sanering av eksisterande skulebygningar er det etablert ein ny midlertidig brakkerigg som skal nyttast til undervisningsbygg i byggeperioden. Det er planlagt at elevane er over flytta til midlertidig brakkerigg seinast 23.02.2024. Midlertidig brakkerigg er planlagt demontert av annan entreprenør like i etterkant av at ny skule er tatt i bruk. I deler av rive- og byggeperioden (vår/sommar 2025) vil det forgå arkeologisk utgravingar av lokalitet sør for byggeområdet. Sjå riveplan for omfang. Prosjektet skal gjennomførast som totalentreprise etter NS 8407, basert på det teikningsmateriell, tekniske løysingar og føresetnader som er beskrive i tilbodsutgreiinga med vedlegg.

Kilde: Åpne kilde
Dokumenter: Åpne dokument