Offentlige anbud
Offentlige anbud
← Tilbake til søk

Drift av båtrutene mellom Bergen, Nordfjord, Sogn og Flåm

Publiseringstype: Resultat
Status: Ikke angitt
Publisert: 19.8.2024
Søknadsfrist: -
Arbeidsområde: Tjenester
Lokasjon: Vestland
Estimert verdi: 1.834.000.000 NOK
Cpv kode: 60600000
Beskrivelse:

Føremålet med anskaffinga er å få på plass operatør for drift av hurtigbåtrutene mellom Bergen, Nordfjord, Sogn/Flåm, omtalt som «Rutepakke 1». For meir informasjon om krav til gjennomføring av Kontrakten, sjå kontraktsdokumentet for krav til drifta i kap. 2, krav til fartøya i kap. 3, krav til ruteproduksjon i kap. 4 og klimakrav i kap. 5. Alle rutene skal inngå i ein driftskontrakt. Det betyr at Oppdragsgjevar vil inngå ein kontrakt med ein operatør for heile kontrakten. Kontrakten vil gjelde frå tidspunkt for signering til og med 2. november 2042, jf. Kontraktens punkt 1.1.5. Driftsoppstart av rutene skal vere seinast 01.11.2027. Kontrakten vil vere ein nettokontrakt, der vinnande operatør har inntektsansvaret, herunder blant anna ansvar for ruteinformasjon, marknadsføring og kundeinformasjon. For meir informasjon om ansvarsfordeling, sjå Kontraktens punkt 1.2.2. Oppdragsgjevar estimerer årleg kontraktskostnad for Oppdragsgjevar til om lag 76,5-121 MNOK fråtrukken støtte og eksklusiv klimabonus. I tillegg estimerar Oppdragsgjevar eingongskostnader knytt til nettoppgradering estimert til 11,5-16 MNOK etter fråtrekk av støtte. Desse estimata omfatter ikkje kontraktens endringsrettar, til dømes oppdragsgjevars rett til å auke ruteproduksjonen, adgang til å krevje innsetting av større og/eller ekstra fartøy, samt øvrige endringsrettar. Estimata er oppgjeve i tredje kvartal 2021-kroner.

Kilde: Åpne kilde
Dokumenter: -