Offentlige anbud
Offentlige anbud
← Tilbake til søk

Rammeavtale for VVS - røyrleggjararbeid

Publiseringstype: Dynamisk innkjøpsordning
Status: Utgått
Publisert: 21.6.2024
Søknadsfrist: 3.7.2024
Arbeidsområde: Tjenester
Lokasjon: Vestland
Estimert verdi: 2.400.000 NOK
Cpv kode: 50000000
Beskrivelse:

Kvam herad ønskjer å inngå rammeavtaler for innkjøp av tekniske handverkstenester.Eit av føremåla med å etablere slike rammeavtalar er å sikre effektivitet i innkjøpsprosessane. Det er vidare eit mål at rammeavtalane skal sikre stabilitet og gje føreseielege rammar for Kvam herad og leverandørane.Denne rammeavtalen omfattar området for VVS røyrleggjararbeid. Arbeidet omfattar: Feilsøking, reparasjonar og vedlikehald i eksisterande anlegg og bygningsmassar.  Utskifting av komponentar.  Ombyggings- og oppgraderingsarbeid.  Utskifting av eldre trykkvassanlegg til røyr-i-røyr system. Arbeidet gjeld både innvendig og utvendig røyrarbeid knytt til bygg.  Om det ikkje er vassmålar skal denne monterast og meldast inn til økonomikontoret Kvam herad. Tining og spyling. Måling av vasstrykk og eventuell trykkreduksjonsventil monterast ved behov. Kvam herad har sjølv røyrleggjar tilsett som utfører noko arbeid på våre anlegg. Rammeavtalane er tenkt å skulle dekke hovuddelen av oppdragsgjevar sine kontinuerlege behov for dei tenester som er omhandla i denne konkurransen. Kvam herad skal ha ei rett, men inga plikt til å nytte rammeavtalane.Oppdragsgivar legg opp til at det i avtaleområde VVS røyrleggjararbeid kan tildelast rammeavtale til minimum 3 leverandørar og maksimum 7 leverandørar, føresett at det i konkurransen kjem eit tilstrekkeleg tal eigna tilbod frå kvalifiserte tilbydarar. Dersom det er mindre enn 3 tilbydarar vil ein likevel vurdere å etablere rammeavtalar med 1 eller 2 leverandørar, der dette er hensiktsmessig.Rammeavtalen har ein kontraktperioden på 2 år. Forventa startstidspunkt for kontrakten er 01.08.2024. Oppdragsgivar har opsjon på forlenga avtalen på likelydande vilkår med inntil 1 + 1 år. Maksimal avtaleperiode er 4 år.

Kilde: Åpne kilde
Dokumenter: Åpne dokument