Gjennom denne anskaffinga ynskjer oppdragsgjevar å inngå rammeavtale med ein leverandør for kjøp av anleggstenester. Dette vil omfatte maskinleige, transport, bygging av anlegg i grunn, leveransar av masser, asfaltering, reising av stolpar mv. Dette vil også kunne gjelde mindre anleggsarbeid i forbindelse med ny tillaging, utbetring, endring og tilpassing av eksisterande anlegg, både innan elkraftområdet og innan vatn, avløp og fiber.