Anskaffinga gjeld levering av veterinærvakttenester i Herøy veterinærvaktområde Kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande inngår i veterinærvaktområdet. Føremålet med innkjøpet er å dekkje behovet for klinisk veterinærvakttenester til alle tider av døgnet, utanom ordinær arbeidstid. Veterinærvakta er ein nødvendig del av beredskapen mot alvorlege smittsame dyresjukdommar og den er viktig for å oppretthalde god dyrevelferd. Ordninga med veterinærvakt er etablert i samsvar med lov av 15. juni 2001 nr. 75 om veterinærar og anna dyrehelsepersonell § 3 a.