Anskaffinga gjeld ei totalentreprise om innvendig ombygging av Volda samfunnshus. Prosjektet er inndelt i to fasar: • Fase I: fyrste etasje og mellometasje i «ungdomshuset». • Fase II: andre etasje og tredje etasje i «ungdomshuset». Entreprenør skal gi tilbod på begge fasane, men Fase II er ein opsjon som Oppdragsgjevar står fritt til å utløyse. Oppdragsgjevar er ikkje på nokon måte forplikta til å iverksette Fase II ved inngåing av kontrakt for Fase I. Sjå konkurransegrunnlaget for meir informasjon.