Totalentreprenøren skal gjennomføre oppdraget basert på opplysninger, spesifikasjoner og tilnærma mengdebeskriving som framkommer i konkurransegrunnlaget. Massespesifikasjon er orienterande for hovudpostane, og difor ikkje komplett. Entreprenøren må inkludera alle arbeid/ materialar som er naudsynte for å få eit komplett fagmessig resultat. Tilsvarande for evt. provisoriske tiltak som er naudsynte for å få gjennomført arbeidet. Dette omfattar både handverksmessig arbeid på bygget, evt. byggteknisk rådgjeving samt bistand frå Riksantikvaren. Tiltaket omfattar i hovudtrekk (lista er ikkje komplett): - Evt. rehabilitering (restaurering) av mønekjøler, ornament, vannbord og vindskier - Ny skifer på alle tak - Nye beslag, renner og nedløp. - Skraping/ måling av vegger og vindauge. Reparasjon av kledning ved evt. skader