Kinn kommune har inngått rammeavtale på transport til/frå dagtilbod for brukarar i Kinn kommune. Dette gjeld dagsenter i Måløy og Miljøhuset i Florø. Sentera nyttast av eldre, funksjonshemma og andre som måtte ha trong for dagtilbod-teneste. Konkurransen var i 4 delkontrakter der tilbydar kan gje tilbod på eit, to, tre eller alle delkontraktene; Måløy, Eikefjord og 2 stk i Florø (Dagsenter og Miljøhuset). Det kom ikkje inn tilbod på områda for Eikefjord dagsenter og Florø dagsenter.