Masfjorden kommune har ein intensjonsavtale med Telenor ASA om etablering av infrastruktur for å betre mobildekninga i kommunen. Masfjorden kommune skal stå for bygging av mobilmast, hytte og framføring av straum. Telenor ASA skal leige plass til telekommunikasjonsutstyr vederlagsfritt. Andre leverandørar av telekommunikasjon skal også ha moglegheit til å nytte infrastrukturen vederlagsfritt. Dette anbodet gjelder lokasjonen Stegebotsfjellet i ytre Haugsdal. Koordinatar for plassering av mast er: N: 6751802 Ø: 291790 H: 138 m.o.h Kostnadsramma er sett til kr 1.800.000,- NOK.