Føremålet med prosjektet er å sikre dei mjuke trafikkantane ved å etablere gjennomgåande gang- og sykkelveg frå Notland til Mosterhamn. I tillegg skal ein utbetre vegen sin kurvatur ved enkelte punkt for å unngå farlege situasjonar og dårleg framkomst. VA og anna teknisk infrastruktur skal fornyast i heile traséen. Ca. 800 m OV-grøfter i tillegg til det som ligg i og langs vegen. Ca. 600 m høgspentgrøfter i tillegg til grøfter i og langs veg.