Stad kommune ynskjer å ta i bruk ein ferdig utvikla modell for utrekning av riktig beløp for refusjon frå staten knytt til ressurskrevjande brukarar som kommunen har ansvar for. Modellen skal vere bygd opp i samsvar med regelverket knytt til slike refusjonar. Den skal være utvikla og utprøvd av fleire kommunar og kvalitetsikra av kommunerevisjonen. Modellen skal gje nødvendig dokumentasjon for refusjonskravet i samsvar med regelverket og nok til å dekke ein etterkontroll av grunnlaget for innsendt refusjonskrav. Rådgjevingsteneste åleine er ikkje dekkande for kommunen sitt innkjøp i denne intensjonsavtale. Det vil seie at ein praktisk utrekningmodell er hovudmålet med innkjøpet.