Kvam herad held på med oppgraderingar av bustadar, for å gjera desse meir branntrygge og tilpassa meir dagens krav til bustad. Det er vedteke å lysa denne bustaden ut som ein totalentreprise.Tilbodet skal også kunne vera grunnlag for bestilling av oppgradering av fleire tilsvarande bustadar som tilleggsopsjonar i same «klyngetun».Prosjektet er finansiert med eige oppgraderingsprosjekt for brannsikring i Hatlevegen, samt tilskot frå ENOVA for energitiltak.Bustaden skal totalrenoverast innvendig, med nytt el. anlegg, nye avløpsanlegg, nytt trykkvassystem, ny balansert ventilasjon, nytt varmeanlegg, nye overflater og nye innreiingar.