Kvinnherad kommune skal etablere nye omsorgsbustader for å gje funksjonshemma tilbod om eigen bustad i tråd med lovpålagte krav. Dette er tilrettelagte bustader med heildøgnstilbod i eigen heim. Kontraktsform totalentreprise som omfattar riving av eksisterande bygningar, prosjektering og oppføring av omsorgsbustader.