Offentlige anbud
Offentlige anbud
← Tilbake til søk

Bistand til ivaretaking av klima- og miljøhensyn i anskaffingar for fylkesveg

Publiseringstype: Kunngjøring av konkurranse
Status: Utgått
Publisert: 20.11.2023
Søknadsfrist: 1.12.2023
Arbeidsområde: Tjenester
Lokasjon: Ikke stedbunden
Estimert verdi: 1.200.000 NOK
Cpv kode: 71000000
Beskrivelse:

Vestfold og Telemark fylkeskommune ved Sektor for samferdsel, miljø og mobilitet (SMM) har behov for bistand frå konsulent med kompetanse på klima‐ og miljøkrav innan drift av og anlegg på fylkesveg, grunna skjerping av klima‐ og miljøføresegnene i anskaffingsregelverket frå 1. januar. SMM har fleire utbyggings‐ og vedlikehaldsprosjekt som skal lysast ut i 2024, dei første allereie i januar. Konsulent skal hjelpe til i arbeidet med å utforme SMM sine malar for konkurransegrunnlag og klarlegge kva som er handlingsrommet innanfor malane, slik at fylkeskommunens anskaffingspraksis bidreg til å minimere miljøbelasting og fremje klimavenlege løysingar. Utfyllande skildring av anskaffinga går fram av konkurransegrunnlaget som kan hentast ut i Mercell TendSign. Det er behov for bistand så raskt som mogleg og seinast frå januar 2024. Ytinga(ne) skal utførast i perioden frå kontraktsinngåing og ut 2024, med opsjon på eit mindre timetal i 2025. Det er antatt at det blir behov for bistand tilsvarande ei 30 % stilling i eitt år. Det reknast med at behovet for bistand er større i første halvår enn i andre halvår i 2024. Det opnast for at det kan tilbys 1‐4 ressursar.

Kilde: Åpne kilde
Dokumenter: Åpne dokument